mandag 20. april 2009

Forteljing av Knut K. Homme

Maten er ikkje så viktig først når man er mett og kastar noko av den, men først når man er svolten og ikkje hev matbiten, da er det viktigaste i verden for oss. Nu går vi i butikken og finner oss mat i stappfulle hyllar, å dei fleste tenkjer vel mindre på kven som skaffar maten, kva det krev av arbeid å fars innsatsfaktor.

Men vi skal ikkje så langt tilbake i tid før ein sjølv måtte skaffe seg sin eiga mat sjølv. I alle fall på bygda. Og da var hausten avgjørande for den lange vinteren. Kvardagsmaten var brød og graut, graut og brød. Men til jul mått vi ha noko flott, noko spesielt. Og da var det mange til sjøs etter julefisk, viss dei ikkje hadde vori å fiska i bekken.

Julefisken skulle helst vori stor og raud, å da skal den ligge på høgfjellet. Før jul har folk truleg god tid. Og dei kunne vori borte nokon dagar. Buene var kalde og dagane var korte, så man måtte kle seg godt å pakke seg inn med ullteppe eller seneteppe om nettene. Med ildskinna som flakka på veggane. Fulle av nomn. Var det blitt fortalt mange gongar – dei lange kveldane.

Ingen kommentarer: